Aktuelt
Publisert 28 januar 2010  |  Sist oppdatert 06.02.2012 kl 14:44

Magasin for HSF

Magasin for HSF

Nor PR hjelper Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) med å rekruttere studentar. - Vi ville lage eit tøft magasin som kunne formidle studentane si eiga oppleving av å vere student ved HSF. Det tykkjer vi at vi har oppnådd, seier kommunikasjonsrådgjevar ved HSF, Berit Amundsen.

Magasinet er på 60 sider og inneheld intervjuar av studentar og informasjon om høgskulen og fylket tilpassa ei yngre målgruppe. Magasinet er laga av Nor PR og Orangeriet.

- Når ein høgskule skal marknadsføre seg sjølv, må vi både gi faktainformasjon om dei studia vi tilbyr, og formidle informasjon om korleis livet som student artar seg hos oss, fortalt av studentane sjølv, seier Amundsen.

Tradisjonelt gir alle høgskulane og universiteta ut ein studiekatalog i papir kvart år. Samstundes er det slik at dei aller fleste brukar internett til å skaffe seg informasjon. Difor droppa HSF den trykte studiekatalogen og valde å satse på magasin i staden for.

- Magasin er eit produktformat som er i tida. På denne måten utfyller nettsida hisf.no og det papirproduktet vi leverer ut på utdanningsmesser kvarandre. Dersom eit slikt magasin skal ha livets rett, må det ha sprek design og ha tekstar som er truverdige og ekte, og tilpassa viktigaste målgruppa vår som er unge potensielle studiesøkjarar. Det tykkjer vi at vi har oppnådd med magasinet vårt både i 2009 og 2010, seier Amundsen.

Nor PR har hjelpt HSF med redaksjonelt konsept og tekst, medan Orangeriet har stått for design.


Skrevet av Sindre Holme.

Skriv en kommentar her:

Kommentarer:

> Til toppen av siden
 
Nor PR  |  C. Sundtsgt. 51, 5004 Bergen  |  E-post:  |  Org.nr. 981 406 877
Design: Orangeriet  |  Utvikling og publiseringsløsning: Keyteq  |  Sidekart